mandag 24. oktober 2011

NYNORSK LEKSA UKE 43

For lenge, lenge, lenge sia skjedde det ein frykteleg eksplosjon. Det var som eit jordskjelv som ramma heile verdensrommet! Alle romvesnane døyde. Dei vart svidd og stekt. Men ikkje berre romvesnane blei ramma. Alle organismer i heile verdensrommet blei drept av denne forferdelige eksplosjonen! Eg var der. Eg såg alt saman. Eg er eit vitne. Eg var i ei anna galaske som heiter Saftveien. Den ligg ikkje så langt ifrå Melkeveien, men er allikevel akkurat langt nok ifrå, til ikkje å bli ramma av eksplosjonen.

Eg var heime og såg i teleskopet mitt. Eg var veldeg interresert i verdensrommet, og hadde lyst til å finne ut meir om den.
Den kvelden når eg såg ut gjennom teleskopet mitt, såg eg at Melkeveien hadde flere befolkede planeter. Blandt anna var ein av dei planeten Tellus. Eg fekk sjokk da eg såg kva dei gjorde mot planeten deiras. Dei var skrekkeleg uforsiktig og forurensa mykje. Plutseleg såg eg at det begynte å lyse kjempe masse fra ei anna galakse. Nemlig den andre nabogalaksen til Melkeveien. Isteveien.
Eg såg mot lyset, og der såg eg eit hav av lava komme flygande i ein enorm fart mot Melkeveien. Det var da det kom. Det store smellet.
Etter ei stund kom det ei ny galakse der. Den blei oppkalt etter den gamle, altså Melkeveien. Da blei Tellus laga på nytt, og det kom ei ny sol og ein ny måne.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar